Pressemelding -
Vakker bildebok frå Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape
Vakker bildebok frå Brynjulf Jung Tjønn og Marianne Gretteberg Engedal
«Eg skulle ønske alt var som før», seier eg.
«Det er ikkje så lett for pappa», seier mamma.
«Det er ikkje lett for meg heller!» ropar eg og slår igjen døra så det ristar regndropar frå himmelen.
Jenta i denne forteljinga elskar å vere med pappaen sin på tur i skogen. Saman drar dei på overnattingsturar, byggar gapahuk og grillar pølser og marshmallows. Men ein dag dei er ute på tur, får pappa ein telefon. Og denne telefonsamtalen endrar pappa heilt. Han blir lei seg, han krympar, han blir nesten som eit lite barn igjen. Kva beskjed var det pappa fekk? Kven snakka han med?
Kva tenker du på? er ei bildebok om å vere liten og skjøne at verda er større enn ein først hadde trudd. Om å forstå at også foreldre har historier dei ber på og gøymer, for seg sjølv og for andre. Boka kan lesast som ei forlenging av Brynjulf Jung Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, Kvit norsk mann og Norsk kjærleik. Tjønn har gjort stor suksess og fått stor merksemd for å tematisere opplevinga av å vere adoptert, og i Kva tenker du på skildrar han korleis det kan opplevast for eit barn når ein forelder har det vanskeleg.
Boka er illustrert av Skinkeape/Marianne Gretteberg Engedal.
Brynjulf Jung Tjønn (f.1980) har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har tidlegare vunne Brageprisen, P2-lyttaranes romanpris, Kritikarprisen, Ungdommens kritikarpris, Nynorsk litteraturpris og Samlagsprisen.
Skinkeape (f.1986) er illustratør, forfattar og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, og illustrerer under kunstnarnamnet Skinkeape. På Samlaget står ho bak den populære bildebokserien om pølsetjuven Kjell.
Related links
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.