Vakker bildebok frå Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.