Gå videre til innhold
Tone E. Solheim aktuell med debutroman om kjærleik og identitet

Pressemelding -

Tone E. Solheim aktuell med debutroman om kjærleik og identitet

Tone E. Solheim debuterer med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta, ei historie om indre stormar og store sakn.

Romanen handlar om Edith, som hatar alt og alle. Ho blir kviskra om i klasserommet, og ønsker mest av alt å kunne forsvinne heilt og fullt. Det er Edith mot verda. Parallelt med Edith si historie møter vi Martha. Jenta som elskar Beatles og saknar far sin, og prøver å sjå det beste i alle. 

Jentene byrjar i same klase på vidaregående skule, og til tross for at dei er ulike som natt og dag blir dei dratt mot kvarandre. 

Svarttrasta syng om natta er ei historie om indre stormar og store sakn. Men det er òg ei kjærleikshistorie, ei historie om tillit og håp, og om å tore å vere seg sjølv, endå ein ikkje er som alle andre. Edith og Martha er to vidt forskjellige personlegdommar, og Solheim skriv frem med stor respekt og medvit for dei unge forteljerane. I tillegg til temaer som kjærleik og vennskap, er det og ei skildring av fysisk utagerande jenter, og om kor vanskeleg det kan vere å uttrykkje følelsar.

Boka bli lansert 8. mars.

Tone E Solheim (f. 1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord kommune. Svarttrasta syng om natta er den første romanen hennar.

Related links

Emner

Kategorier

Regions

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO