Gå videre til innhold
Thor Magnus Tangerås kjem med diktsamling om sorga over eit barn som er borte

Pressemelding -

Thor Magnus Tangerås kjem med diktsamling om sorga over eit barn som er borte

I diktsamlinga Ø skildar debutant Thor Magnus Tangerås sorga over eit barn som er borte.

Lansering på St Hanshaugen i Oslo 7. januar kl 18: https://www.facebook.com/event...

Ø startar på ein kyrkjegard ein dag i februar: Eit barn vert gravlagt. Snøen fell over grava og dei som står rundt, over ord og minne om Øyvor, som var sjuk heile sitt korte liv.

Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som er borte, og dei som er att.

Ø er eit syn av snø og eld, av det som fell og det som frys, og av det som brånar og gløder.

Ø er nemninga av den tomme mengda, ei mengd som ikkje har nokon element. Ø er ikkje det same som ingenting, men kva er det då?

Ø er ein formsikker elegi, eit forsøk på å nærma seg det som både er ordlaust og språkløysande.

Tangerås underviser i fortelling og kreativitet, og har forska på litteraturens unike evne til å setja ord på komplekse kjensler og det terapeutiske potensial som ligg i å leva seg inn i andres lagnad og psyke

Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, fortelling og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020).

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO