Gå videre til innhold
Terje Tørrisplass klar med ny diktsamling, "Vegemot"

Pressemelding -

Terje Tørrisplass klar med ny diktsamling, "Vegemot"

I diktsamlinga Vegemot får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss, gjennom tilbakeskodande sveip. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig.

Dikta i Vegemot  handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet. Om ein lengt som enno finst, og eit eg som framleis kliv, søkande og på leit, mot himmelbrynet, lik den vemodige låten av heiloa over levetidslandskapet.

Terje Tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010. Vegemot er den fjerde diktsamlinga hans. I forfattarskapen til Tørrisplass står den livslange og tette relasjonen til naturen sentralt.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO