Gå videre til innhold
Syria og  framtidsskulen er tema i nytt nr av Syn og Segn

Pressemelding -

Syria og framtidsskulen er tema i nytt nr av Syn og Segn

I siste nr av Syn og segn forklarer Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit bagrunnen for krigen i Syria og kva som gjekk gale for landet i den arabiske våren. Du finn også fleire artiklar om kva slags skule vi bør bygge for framtida. Det kommunale sjølvstyret er ikkje grunnlovsfesta i Noreg og kommunane kan ikkje gå til søksmål mot staten. Dette meiner forskar Sigrid Stokstad bryt med folkeretten. Om dette og mange andre tema i Syn og Segn 3/15.

Kva slags skule bør vi bygge for framtida? Kva slags nye læringsverktøy og ny teknologi bør skulen ta i bruk? Temaartiklar om framtidsskulen av Arne Krokan, Kari Hauge og Siv Måseidvåg Gamlem. Og dikt og foto om lærarkvardagen – sett gjennom linsa til Aleksander Andersen og frå skrivebordet til diktarane Frode Grytten, Einar Økland og Bergljot K. Nordal.


Kva gjekk gale under den arabiske våren? Kvifor var Syria fortapt frå dag ein? Og går verda mot ei meir eller mindre uroleg tid? «Ingen veit korleis dette endar. Det vi veit, er at ein institusjon som Tryggingsrådet aldri har vore så viktig som i dag», seier Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit, som gir innblikk i spelet vi ikkje ser.

Forskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning, Sigrid Stokstad, meiner Noreg bryt folkeretten ved å ikkje la kommunane kunne gå til søksmål mot staten i offentlegrettslege saker og ved å ikkje grunnlovsfeste det kommunale sjølvstyret.

«Sjeldan høyrer eller ser vi vaksne menneske som snakkar ope med seg sjølv. Og når og om det skjer, gjer vi det ikkje utan å føle at vi er vitne til noko unormalt, rart, sjukleg.» Sindre Andersen om sjølvsnakking og korleis det er å vere ein sjølvsnakkar

For meir informasjon eller presse-eksemplar av Syn og Segn, kontakt Knut Aastad Bråten - mobil 907 68 797 knut@synogsegn.no


Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO