Gå videre til innhold
Suksess i utlandet for instagram-boka "Leik med maten"

Pressemelding -

Suksess i utlandet for instagram-boka "Leik med maten"

Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 150 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. No deler ho også oppskriftene i bokform på både norsk og engelsk.  Opplaget av den engelske utgåva (Eat your art out) forsvann med det same ho kom på marknaden og andre opplag av både norsk og engelsk utgåve er snart klare. Samla opplag er 10 000. Samlaget gir ut både den norske og engelske utgåva.

Skivenes skal på promoturne til både USA og Frankrike i haust, og i desse dagar besøker ein av verdas største Tv-kanalar, Deutsche Welle henne på kjøkkenet på Sagene. Ho har litt intervjua av presse over heile verda m.a.; Kina, Hellas, Italia, Ekvador. Skivenes har tolka Prada for Vogue eat. Ho har faste spalter i m.a. tyske Zeit Leo og danske Copenhagen Food.

Meir om boka:

Med enkle grep kan ei vanleg brødskive bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst. Boka Leik med maten viser korleis du kan lage isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og kiwi, og brødskive med Munch-motiv. Eller kanskje du heller vil lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear til sunn og god mat som er moro for både store og små.

Dei artige frukostane er laga med enkelt utstyr og lett tilgjengelege ingrediensar, og mange av dei tar berre 5–15 minutt å få ferdige.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO