Gå videre til innhold
Strålande meldingar av Rakel Solstads debutbok "Men kva veit vi om barna"

Pressemelding -

Strålande meldingar av Rakel Solstads debutbok "Men kva veit vi om barna"

Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skulen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna?

Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv. Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut grenser.

Boka får flotte meldingar; "strålende debutarbeid" seier Adresseavisen, "stilreine, spennande tekstar" seier Dag og tid.

Frå meldingar:

I et sterkt og effektivt, samtidig stille språk, skriver debutanten med stor innsikt om barns verden.(…) Rakel Solstad har en forbløffende innsikt i barns verden. Hun har klart å anskueliggjøre denne verden i skrift, og det uten å kokettere med forenkling og barnlige pussigheter, slik man så lett gjør når man skriver om barn. (…)«Men kva veit vi om barna» er et strålende debutarbeid.

Fartein Horgar, Adresseavisen

Novellene griper de små bevegelser, de små ord som gir en følelse av avvisning. Det lille i
hverdagen, det er der det begynner. Forfatteren beskriver på en sober måte hvordan presset til
slutt blir for stort og katastrofen til slutt et faktum.

Guri Hjulstad, Trønderavisa


Ho er skriven av eit menneske som har observert folk godt og reflektert over observasjonane, så grundig at ho ikkje treng referera tankane sine, ho nyttar dei heller til å dikta seg inn i menneskesinnet og til å skriva stilreine, spennande tekstar. (…)Rakel Solstad har all mogleg grunn til å vera stolt over debuten sin.

Odd W. Surén, Dag og tid


Rakel Solstad (f. 1945).Fødd og oppvaksen i Kiberg, Finnmark, bur i Trondheim. Har arbeidd som lærar og i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar.


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO