Pressemelding -
Stine Hanssen Brattland aktuell med sterk og personleg bok om å leve med autisme; "Innanfor.Utanfor. Men alltid autist".
I boka Innanfor. Utanfor. Men alltid autist fortel Stine Hanssen Brattland korleis autisme vert opplevd innanfrå. Det har blitt ei sterk og ærleg forteljing om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis. Boka kjem ut på Verdas autismedag onsdag 2. april
Hanssen Brattland mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opplevde ho fleire nederlag som førte til ein årelang kamp gjennom NAV-systemet. Først i vaksen alder fekk Hanssen Brattland diagnosen autisme, noko som blei ei forklaring på utfordringane ho hadde møtt – og som til slutt blir redninga. I boka deler ho erfaringane frå å leve utanfor samfunnet sine rammer og fortel om korleis diagnosen har opna dører til å forstå seg sjølv betre.
Boka er ein del av Samlagets bokserie Norsk røyndom, og er først ut av i alt fem bøker denne våren. Serien gir ei unik innsikt i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt.
Tidlegare forfattarar i serien er m.a. Bjørn Hatterud, Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof. I vårens slepp av bøker i serien finn ein i tillegg til Stine Hanssen Brattland desse forfattarane: Jens Kihl (24.april.), Jørn Øyrehagen Sunde (7. mai) Mone Celin Skrede (7. mai), Jeswanthiny Mayooran (4. juni).
Meir om alle Norsk røyndom-bøkene her:
https://samlaget.no/collection...
STINE HANSSEN BRATTLAND (f. 1983) er skribent og samfunnsdebattant frå Trondheim. Innanfor. Utanfor er hennar første bok.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.