Gå videre til innhold
Foto: Geir Mogen
Foto: Geir Mogen

Pressemelding -

Stine Fuglaas Bonsaksen debuterer med med boka "Habituell abort"

I debutboka Habituell abort skriv Stine Fuglaas Bonsaksen opprivande og oppriktig om spontanbort. For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid - utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så lett å bli gravid? For eget er det blodig alvor, kvart liv som ikkje blir. For helsevesenet er det daglegdags. For lesaren er det eit viktig innblikk i ein situasjon mange kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller ingenting om.

Frå boka:

eg trudde ein positiv test var bevis på liv
det stemmer ikkje
som lyset frå stjernene brukar teikna tid på å nå oss
utviklinga kan allereie ha stoppa
hcg i kroppen som stjernestøv
som Schrödingers katt er du både død og levande
eg står heilt stille
livredd for å opne boksen

Kontaktinformasjon: stine.bonsaksen@ntnu.no mobil: 473 49 943

Stine Fuglaas Bonsaksen(f. 1987) kjem frå Sunnylven på Sunnmøre. Ho er stipendiat ved NTNU, der ho held på med ein doktorgrad i historie. Habituell abort er den første boka hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO