Gå videre til innhold
Ståle Eskeland kjem med "Sinnamekker`ns bilalbum" for alle bilglade folk

Pressemelding -

Ståle Eskeland kjem med "Sinnamekker`ns bilalbum" for alle bilglade folk

Ståle Eskeland er kjent som Sinnamekkern, og denne veka kjem han med si første bok; Sinnamekker`ns bilalbum. Bilar med sjel. Den aller første bilen Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei.

Eskeland presenterer vitale mål og fysiske detaljar om dei kjæraste bilane sine, men minst like viktig er historiene om motorstopp og kollisjonar, kjøp og sal, langturar på smale vegar og reparasjonane som aldri tok slutt. Bilen er langt meir enn eit transportmiddel for mange, særleg på bygda. Bilen er samlingsplass, meistring og tidtrøyte.

Dette er boka for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skiftenøkkelen under eit bulkete panser.

Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod og pruting, rust og eksos.

Ståle Eskeland (f. 1971) bur på Stord, driv gard med hest og har bil som lidenskap. Han kallar seg Sinnamekker’n på Facebook. Eskeland lagar også eigenkomponert bil- og motorrelatert musikk.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO