Gå videre til innhold
Sjarmerande grøssar for mellomtrinnet av Åshild Moldskred

Pressemelding -

Sjarmerande grøssar for mellomtrinnet av Åshild Moldskred

Åshild Moldskred gjorde suksess med Berre hopp! i 2021, no er ho tilbake med ein sjarmerande grøssar for mellomtrinnet.

Birk og mora flyttar frå byen til morfaren som bur på ei forblåst vestlandsøy. Birk saknar kompisane sine og gruer seg til eit kjedeleg liv på landet. Men snart begynner mystiske ting å skje: Soverommet til Birk luktar plutseleg rotna kjøt, lyden av ei sur fele høyrest frå hagen, og om natta er det som om nokon ser på han... Nabojenta Ada fortel om ei eldgammal legende om eit spøkelse som drep barn, eit Trollmoll. Men desse skal vere utrydda for lenge sidan. Kan det likevel vere eit slikt som heimsøker huset til bestefaren?

Birk må etter kvart innsjå at spøkelse som drep ved å synge, og mørk trolldom ikkje berre er skumle historier. Og kva er det med Nila, jenta i klassen med den mørke stemma som er vakker som ei hulder og luktar av skog?

Trollmoll er ei sjarmerande og nifs forteljing med varme karakterar og iskalde grøss, inspirert av folkeeventyr og overtru.

Åshild Moldskred (f.1978) kjem frå Haddal i Ulstein kommune, og bur i Ålesund. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Mørketid, Farlig stille og Berre hopp!

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO