Gå videre til innhold
Siri Økland aktuell med  "Den tid den song"-  diktsamling med sterkt dødsnærvær og livskraft

Pressemelding -

Siri Økland aktuell med "Den tid den song"- diktsamling med sterkt dødsnærvær og livskraft

I si første diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho lèt også dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det også finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Og med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara – og det å høyre til.

Siri Økland (f. 1967) er tidlegare journalist og utdanna litteraturvitar. Ho er frå Stord og bur i Bergen. Økland debuterte med kortprosasamlinga Det står til liv i 2017. Den tid, den song er hennar andre bok.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO