Gå videre til innhold
Foto: Gry Dahl
Foto: Gry Dahl

Pressemelding -

Serieskapar Ida Eva Neverdahl er aktuell med bok om to om den fredelege vikinghelten Floke

Floke 2 er ein oppfølgjar til teikneserien Floke frå 2020. I fyrste boka fekk Floke eit viktig oppdrag: å redde verda frå ragnarok. Og det er ikkje berre enkelt for ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd! No skal vi slå følgje med han gjennom skrømtskogen og trollfjella, og inn til sjølvaste Jotunheimen, staden der gudanes svorne fiendar, jotnane, held til. Vil han klare å redde verda frå den totale undergangen? 

I Floke 2 fortset teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl å leike seg med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Interessen for norrøn mytologi og vikingtid har auka dei seinaste åra, og med Floke bidrar Neverdahl med eit smart, humoristisk, originalt og svært annleis vikingunivers. Neverdah vart langlista til Sproingprisen 2020 for den fyrste boka om Floke. Soga om Floke blir avslutta i 2022. 

Om Floke skreiv Trond Sætre på Serienett: "Ida Neverdahl tek seg fridomar med det mytologiske materialet som få andre kunne komme unna med, men som i hennar omarbeiding er vedunderleg forfriskande".  

Neverdahl er ein av Noregs viktigaste unge teikneserieskaparar, med ein følgjarskare på nærare 50.000 på Instagram, der ho går under namnet @jellyvamps.

 

Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør frå Stavanger, utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper for aviser som VG og Stavanger Aftenblad, samt amerikanske Vice Magazine. Ho har gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget. Både Floke og Jojo er laga i samarbeid med Norsk Barneblad. Neverdahl bur i Oslo. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO