Gå videre til innhold
Samlivsroman om å leve i bulderet frå undergangen

Pressemelding -

Samlivsroman om å leve i bulderet frå undergangen

Men ikkje Maria av Erlend Kaasa er ein samlivsroman der hovudpersonane lever i bulderet frå undergangen. 

Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle.

Men ikkje Maria er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang. Det er ein roman om begjær, svik, kjærleik og død og om kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv.

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark. Han debuterte med Thunder Road i 2009, i 2015 kom Livius. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar. 

Sagt om Livius

"Livius er rett og slett en genuint medrivende roman der ingenting er avgjort før siste side."

Olaf Haagensen, Morgenbladet

"Kaasa knyt handlingstrådane saman til ei stram forteljing, som også – i motsetnad til i mange spenningsbøker – står open for ettertanke."

Eivind Myklebust , Klassekampen



Terning 5"[...] ein drivande god roman som i botnen handlar om kva krig gjer med menneska som deltek.

Bjarne Tveiten , Fædrelandsvennen



Terning 5"Det er brutalt og skremmende, og et godt driv i fortellingen."

Stian Johansen , Varden

Terning 5"Liviuser ein spennande krigsroman....Livius er også ein imponerande romankonstruksjon, konkret, sanseleg, rik på metaforar. Det er ei bok vi behøver."

Jan Askelund , Stavanger Aftenblad

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO