Gå videre til innhold
Samlagsprisen 2018 til Astrid Sverresdotter Dypvik

Pressemelding -

Samlagsprisen 2018 til Astrid Sverresdotter Dypvik

Samlagsprisen for 2018 går til Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik (født i 1977) og er journalist og historikar. Dypvik får prisen for bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012), og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017). 

Samlagsprisen er på 50.000 kr.

I grunngjevinga for tildelinga skriv juryen dette: 

"Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land kom ut i 2012, medan Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen kom i 2017. I begge desse bøkene kombinerer forfattaren sine to fagfelt på ein overtydande måte. Ein mastergrad i austtysk etterkrigshistorie borgar for solid faghistorisk kjeldebruk, men det er hennar unike evne til oppsøkande journalistikk som gjer samtalebøkene til medrivande og interessevekkande lesnad. 

I bøkene møter vi alt frå overtydde Stasi-medarbeidarar som svik sine næraste, til leiande personar i kommunistpartiet i DDR og menneske som vart offer for det brutale diktaturet.

Forfattarskapen er korkje reint faghistorisk eller reint journalistisk. Dette er ein forfattar som driv fagleg popularisering i ordets aller beste tyding. Det kjem også fram i ordvalet i boktitlane – den første boka er «forteljingar», den andre er «historier». Men begge gir oss innsikt i historia. Dei ulike døma blir nettopp eksemplariske, forteljingane blir ledd i det store bildet, eit perspektiv som forfattaren aldri mistar av syne."

Astrid Sverresdotter Dypvik (født 1977) er tilsett i Nationen, og har tidlegare arbeidd i Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Forfattarskapen omfattar til no to bøker, som begge tek for seg eit område som er sentralt for forståinga av Europa i vår tid, utviklinga i Tyskland frå krigsavslutning i 1945 og framover til i dag.

Samlagsprisen er ein nyoppretta pris som delast ut for først gong i år. Prisen skal gå til ein forfattar som skriv på nynorsk, men skal vere forlagsuavhengig. Den skal delast ut annankvar gong til ein forfattar som hovudsakleg skriv skjønnlitteratur og til ein forfattar som hovudsakleg skriv faglitteratur. Prisen er på 50.000 kr. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO