Pressemelding -
Samlaget senkar prisane på alle sine e-bøker
Frå i dag 1. juli blir meirverdiavgifta på 25 prosent på e-bøker fjerna.
-Samlaget vil at dette skal kome lesarane til gode og vi set derfor ned prisen med 25 % på alle våre e-bøker frå i dag, seier adm. direktør i Samlaget, Edmund Austigard.
Samlaget har omlag 600 e-bøker tilgjengeleg for sal i alle dei norske nettbokhandlarane. Dei kan også lett overførast til Kindle.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.