Gå videre til innhold
Samlaget presenterer haustens bøker 17.8. kl 10

Pressemelding -

Samlaget presenterer haustens bøker 17.8. kl 10

Samlaget presenterer haustlista 17.8. kl 10, på Litteraturhuset i Oslo. Fleire av haustens forfattarar vil vere til stades: Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgard, haustens debutantar m.fl.

Vi viser eksklusive klypp frå NRK BarneTVs nye satsing Vaffelhjarte, basert på Maria Parr si bok, og frå den premiereklare filmen Få meg på, for faen, basert på Olaug Nilssen si bok.

Kl 17 vert det fest i Gøteborgsgata 27 med servering, opplesing og underhalding, mellom anna vonde visur ved Stein Torleif Bjella og Kjartan Kristiansen. NB: påmelding til festen (til: m.hvamstad@samlaget.no). Velkomen!

Emner

Kategorier

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO