Gå videre til innhold
Rage aktuell med roman om venskap og heimebrent

Pressemelding -

Rage aktuell med roman om venskap og heimebrent

God venskap, ei rifle og store mengder heimebrent.

Tre vener skal preika skit og drikka sprit og spela Playstation for alltid, og det skal ingenting få øydeleggja. Men så skjer ein dum ting, nemleg at to av venene greier å skyta hovudet av den tredje og berre med eit naudskrik greier å lappa han saman att ved å ty til det dei har for handa, som er ein gammal båtradio. Dette fungerer fram til det syner seg at dei har gløymt å tenkja på noko viktig, og dermed vert den uheldige ståande fast i ein naustvegg, medan ein av dei andre må leggja ut på ein hasardiøs biltur for å ordna opp, og etter kvart vert venskapen sett på prøve.

Mads Rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Han debuterte i 2018 med romanen Og skipet siglar vidare. Tre vener og ein dum ting er den tredje romanen hans.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO