Pressemelding -
"Råd til dei elskande" av Julian T. Brolaski på norsk
Eit nyskapande erotisk verk
Råd til dei elskande er inspirert av Ovids lærebok Ars Amatoria og har i seg overtonar av renessansens sonettkransar. Det er ei oppfinnsam og velforma diktsamling, formmessig intrikat, men moderne og direkte i uttrykket. Råd til dei elskande er eit nyskapande erotisk verk for det 21. hundreåret.
Gjendikta av Leif Høghaug.
Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.