Gå videre til innhold
Foto: Caroline Odden Giske
Foto: Caroline Odden Giske

Pressemelding -

Prisvinnande ungdomsbokforfattar aktuell med roman om forelsking og Vestlandet

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterte med ungdomsboka Sinne i 2020, ei bok som vann Bokbloggarprisen og Årets Ulest. I haust er ho aktuell med bok to, Eg blir her. Lansering 10. August.

I Eg blir her møter vi Oda på 16 år. Ho bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?

Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Han drøymer om fortida, og maktar ikkje å vere til stades for Oda slik ho ønsker.

Eg blir her handlar om stormande forelsking og gryande seksualitet, om å akseptere dei vaksne sine feil og manglar, og om kjærleiken til Vestlandet.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f.1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Til dagleg arbeider ho som norsklærar i vidaregåande skule. Eg blir her er den andre ungdomsboka hennar.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO