Gå videre til innhold
Premiere på Riksteatret si framsyning av  Maria Parrs "Vaffelhjarte" i Oslo 7. februar

Pressemelding -

Premiere på Riksteatret si framsyning av Maria Parrs "Vaffelhjarte" i Oslo 7. februar

​Fredag 7. februar er det premiere på Riksteatret si framsyning av Maria Parrs Vaffelhjarte i Oslo. Etter premieren skal stykket ut på ein omfattande Noregsturné frå Lyngdal i sør til Kirkenes i nord. 

Vaffelhjarte, som første gong blei utgitt i 2005, har blitt ein barnebokklassikar i både Noreg og resten av verda. Boka er per i dag selt  til heile 34 land. 

På spørsmål om kva som inspirerte ho til å skrive boka, svarer Maria Parr:  

- Først og fremst spring nok boka ut av min eigen barndom, og auser rikt av den muntlege forteljekulturen eg har vore heldig å vekse opp i. Men eg trur det meste av skrivinga mi handlar om å prøve å gjenskape nokre av dei gode leseopplevingane eg sjølv hadde som barn; dette å kunne kjenne på redsle utan at noko er farleg, eller sorg utan at noko trist har skjedd på skikkeleg, eller det å kunne le høgt. 

Stykket er regissert av Kjersti Haugen med musikk av Odd Nordstoga.

Related links

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO