Gå videre til innhold
Foto: Studio Hjelm
Foto: Studio Hjelm

Pressemelding -

Peter F. Strassegger nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2021

Alexander er 15 år. Han veks opp i eit anna land. Der bestemmer han seg for å ta igjen overfor skulens bølle. Men det går for langt. Rett etterpå må han og familien flytta til Noreg, til ei lita bygd, der mora kjem ifrå. I det nye heimlandet blir Alexander peika ut som neste offer av ein mobbegjeng, leidd av Torve. Skal Alexander ta igjen, slik han gjorde sist? Kva vil skje då? Eller skal han finna ei anna løysing? For kva slags krefter ligg det eigentleg i hendene hans?


Aleksander den store er ein roman om migrasjon, utanforskap og vald blant ungdommar, om det å vera stolt og å stå opp for seg sjølv. Romanen fortel òg om korleis samhald og vennskap kan vera med på å snu farlege tankar.

Juryen skriv dette i grunngivinga: «Aleksander den store er en medrivende roman med mye undertekst, kompromissløst fortalt fra en tenåringsgutts synsvinkel. Språket er enkelt, nakent og usentimentalt, komposisjonen stram. Alexanders antisosiale personlighetstrekk blir ikke sminket vekk eller bortforklart, ei heller demonisert. Historien fremstår troverdig i sin psykologiske kompleksitet, hvor ondt og godt ikke utelukker hverandre, men tvert imot kan være to sider av samme mynt.»

Peter F. Strassegger (f. 1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Stasia. Aleksander den store er den første boka hans for ungdom. Boka er òg nominert til Uprisen 2021. 

Prisen er på 300.000 danske kroner, og blir delt ut i København i starten av november. 

Om nominasjonen seier Strassegger til forlaget: «Eg må gni meg i auga. Er det sant eller ein draum? For det er ein draum å bli nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Og eg trudde ikkje eg skulle få oppleva det. Takk, takk, takk!»

Me ønskjer Strassegger til lykke med nominasjonen! 

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO