Gå videre til innhold
Peri og  Peti - Noregs første broderte biletbok

Pressemelding -

Peri og Peti - Noregs første broderte biletbok

Peri og Peti vender om er ei enkel bok om store ting. Peri og Peti er to små vener som vågar seg ut i verda for å oppleve luktene og lydane der. Men brått blir det skummelt! Då gjeld det å kome seg fort bort. Helga Gunerius Eriksen har skrive og sydd denne store, vesle forteljinga om Peri og Peti.

Bokas tittel viser til "peripetien" som er vendepunktet i eit gresk drama i Aristoteles sin poetikk. Gunerius Eriksen har gått til den gamle filosofien for å lage ei historie med  tretti tre-ords replikkar.

 Boka er støtta av Leser Søker bok, og ho er fokusbok i NORLA i år.

Gunerius Eriksen har blitt inspirert til broderiboka frå fleire hald:

-For mange år sidan såg eg ei utstilling av broderte prøvelappar på Victoria and Alberts Museum i London. Innimellom alle dei sirlege og forseggjorte syslene til borgarlege og innestengte damer, fann eg ein gulna linklut overbrodert med små bokstavar i ulike raudfargar. Det viste seg å vere historia om det elendige livet til ei tenestejente, sikkert sydd med trådstumpar frå dei rikes korg. Der og då fekk eg lyst til sy poesi. Konseptet "geriljabroderi.no" frå kunsthandverkarane Mona Pedersen og Astrid Loraas har også vore ei inspirasjonskjelde. I prosessen har eg tatt det eg har funne i mine og andres skuffer, gjerne det som er slite og fullt av hol, og kombinert det med fjør og paljettar.

Helga Gunerius Eriksen kjem frå Stord og bur i Bergen. Ho er cand.mag. med faga keramikk og filosofi og har skrive over tjue bøker for alle aldrar i fleire sjangrar. I 2013 fullfører ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.

 

.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO