Gå videre til innhold
Øystein Orten klar med ny roman om lærarens utsette rolle

Pressemelding -

Øystein Orten klar med ny roman om lærarens utsette rolle

Den erfarne forfattaren Øystein Orten er klar med den nye romanen Den bortkomne; ein klaustrofobisk og fleirtydig roman om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle.

Ein lærar vender uventa tilbake til heimbygda, og gamle venner og naboar byrjar å stusse: Kva gjer den dedikerte undervisaren heime no, midt i skuleåret? Og kvifor har den elles så opne og omgjengelege karen slått av ljosa og trekt for gardinene?

Permisjon, er svaret hans. Han har teke seg ein aldri så liten ferie.

Mens læraren vandrar kvilelaust rundt på golva i barndomsheimen og stadig vender tilbake til eiga fortid for å forstå situasjonen han er i, grev Nemnda seg djupare og djupare ned i livet hans. Kva har han eigentleg sagt i klasserommet? Korleis har han kommunisert med elevane? Og ikkje minst: Kva skjedde mellom han og 16-åringen Embla på det grupperommet?


Øystein Orten (f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga Havflammen i 1995 og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. Han er kjend for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO