Gå videre til innhold
Nynorsk litteraturhistorie for første gong

Pressemelding -

Nynorsk litteraturhistorie for første gong

Endeleg kjem storverket om nynorsk skjønnlitteratur, frå Ivar Aasens tid til i dag. Jan Inge Sørbø står bak Nynorsk litteraturhistorie der over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget. Det er første gong det kjem ut ein samla presentasjon av den nynorske skjønnlitteraturen. 

Lansering på Nasjonalbiblioteket mandag 28. mai kl 15, Jan Inge Sørbø i samtale med Gunnhild Øyehaug og Mette Karlsvik. Samtalen vert leia av Kaja Schjerven Mollerin. Arr. er ope for presse og inviterte. 

I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han har skrive fleire skjønnlitterære bøker. han har også skrive bøker om Hans Skjervheim, Olav Aukrust, Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen, Alexander Kielland, og Arne Garborg. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO