Gå videre til innhold
Ny strikkebok; Islandske vottar

Pressemelding -

Ny strikkebok; Islandske vottar

Eit par strikka vottar med vakkert mønster av godt garn er ein skatt som skal brukast og nytast i årevis. Her får du oppskrifter på vakre, varme og slitesterke islandske vottar. Islandske vottar byr på eit mangfald av teknikkar, mønster og stilar, og alle dei ulike vottane har si eiga historie. Det einaste tekstilmuseet på Island ligg i bygda Blöndós nord på øya. Der finst det ei unik samling med vottar frå 1800- og 1900-talet. I denne boka får du desse gamle og tradisjonelle vottane i nye og moderne versjonar. Oppskriftene er moderniserte og mønstera rekonstruerte.

Her er vottar for den nye strikkaren, men også den erfarne. Boka inneheld bilete av dei gamle vottane som finst på museet, men også strikka opp i nye og ulike fargar for inspirasjon. Boka har trinnvise instruksjonar som er nyttige same kor erfaren ein med strikking.

Gudrún Hannele Henttinen
er utdanna innan tekstil, og har undervist i strikking i mange år. I meir enn eit tiår har ho også vore eigar av garnbutikken Storkurinn i Reykjavik.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO