Gå videre til innhold
Ny roman frå Brit Bildøen; "Gult farevarsel"

Pressemelding -

Ny roman frå Brit Bildøen; "Gult farevarsel"

Brit Biløden er aktuell med den nye romanen Gult farevarsel; eit familiedrama om vår plass i naturen.

Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.

Allereie da ho kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området og familien blir stengd inne på setra saman med to ruskete jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme.

Gult farevarsel
er ein roman om menneske og dyr, og om korleis vi ser kvarandre og naturen vi alle er ein del av.

Brit Bildøen (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO