Gå videre til innhold
Alle foto: Agnete Brun
Alle foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Ny roman frå Agnes Ravatn; "Gjestene"

Agnes Ravatn er klar med den nye romanen Gjestene. Boka er eit skarpt og humoristisk kammerspel om hierarki, misunning og sjølvframstilling.

Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, eit kjent forfattarpar, kjem Karin i skade for å servere ei kvit løgn, og snart har ho og Kai vikla seg inn i noko dei ikkje så lett kan vikle seg ut av.

Gjestene
er ein roman om å samanlikne seg med andre og komme til kort.

Utdrag: «Hytta var ikkje så prangande og vulgær som eg hadde håpa, tvert imot var ho smakfull og diskret, i grånande tre, glas og naturstein. Ja, dette var - hm, sa eg og kom ikkje på noko. Eg hadde ønskt meg noko meir invaderande og blautkakeaktig kritikkverdig. Her var det ved første augekast ingenting Kai og eg kunne latterleggjere og håne og styrke alliansen vår på kostnad av, berre miljøvennlege materiale og ekstreme privilegium.»

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, mellom anna romanen Fugletribunalet.  Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

Alle forfattarportrett: Agnete Brun

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO