Gå videre til innhold
Ny bok: "Sy & sy om: redesign gamle plagg og tekstilar" av  Christine Fure Schwarz

Pressemelding -

Ny bok: "Sy & sy om: redesign gamle plagg og tekstilar" av Christine Fure Schwarz

Klar for nye, kreative prosjekt? Med denne boka lærer du å sy trendy klede med det du har i skåpet frå før.

Dei beste plagga er dei med ei historie, og den historia kan ein fortelje ved å sy sine eigne klede. Sy-entusiast Christine Schwarz er oppteken av miljø og av å sjå moglegheiter i plagg og tekstilar ein alt har kjøpt og belasta naturen med. For det er ikkje alltid så mykje som skal til før eit utdatert plagg endrar uttrykk og blir moderne, eller at plagget som aldri passa, plutseleg sit som det skal.

Den gamle skinnjakka kan jo bli ei lekker veske - og den slaskete strikkegenseren kan få endå eit liv som jakke. Eller kva med eit flunkande nytt skjørt eller ein kimono? I «Sy & sy om» lærer du både å redesigne klede og å sy heilt nye plagg etter eigne kroppsmål. I tillegg får ein oppskrifter på praktisk tilbehøyr som pc-mappe, panneband og sekk. Fleire av oppskriftene eignar seg godt for haust- og vinterklede, men kan også syast med lettare tekstilar. Framgangsmåten er godt forklart med illustrasjonar og bilete. Ei perfekt bok for deg som kan sy litt frå før - og som no ønskjer endå fleire verktøy for å kunne leike deg kreativt med saum og omsaum.

Christine Fure Schwarz (f. 1990) er utdanna innanfor kultur og leiing og har tidlegare studert tekstilkunst og saum. Schwarz er oppvaksen i Basel og Florø og har etter ti år i Oslo no busett seg i Kragerø med familien. I 2021 gav ho ut Redesign, som var denførste syboka hennar.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO