Gå videre til innhold
Ny bok om takkebakst; "Takkefest. Jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker" av Aaste Kveseth

Pressemelding -

Ny bok om takkebakst; "Takkefest. Jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker" av Aaste Kveseth

I den nye boka Takkefest! har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang.

Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske frå fleire verdshjørne som lærer deg sine smakfulle favorittar.

Heimebaka lefse til jul? Pannekaker i barnebursdagen? Frukostlompe med brunost?Fredagstaco med sjølvsteikt tortilla, eller lapskaus med flatbrød du har kjevla ut på benken? Ja, eller kva med å gje ei smakfull gryte følgje av asiatisk roti eller austafrikansk injera? 

Visste du at menneska alt for fleire tusen år sidan steikte flatbrød på bålet? Det er ikkje tilfeldig, for dette er noko av den enklaste baksten du kan gje deg i kast med! Du blandar berre mjøl og væske til ei røre, eller knar det saman til ein deig som du kjevlar flat. Blandinga treng korkje gjære eller heve, og det er også overraskande små skilnader som avgjer om resultatet blir til ei mjuk lefse, ei pannekake med deilige, sprø kantar eller eit meir kompakt brød. Etter å ha baka deg gjennom denne boka vil du seie det, du òg: Ingenting kan måle seg med fersk, heimelaga takkebakst!

Fotograf: Tove Breistein

Aaste Kveseth (f. 1974) er frå Tinn i Telemark og bur på Rødtvet i Oslo med sambuar og tre born. Ho er prosjektleiar i NRK Kultur og har jobba som journalist og redaksjonsleiar sidan 2003. Kveseth er ivrig lefse og flatbrødbakar og steiker sveler når korpset på Rødtvet har loppemarknad. Takkefest! er Kveseth si første bok.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO