Gå videre til innhold
Ny bok om fire store forfattarar; Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

Pressemelding -

Ny bok om fire store forfattarar; Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

I den nye boka Fire store viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, og Marie Takvam ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kjent for si organisatoriske kraft, men dei mange skjønnlitterære bøkene hennar er nesten ukjente. I tillegg til å ta ansvaret for ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet skreiv ho over 40 bøker, ambisiøse romanar og eksperimentelle drama. Gro Holm skreiv sterke romanar om Odda sin overgang frå bonde- til industrisamfunn 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv. Aslaug Vaa, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapen.

Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Det er tid for nylesing.


Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO