Pressemelding -
Ny bok: "Norwegerstrasse" av Jørgen Norheim og Alexander Häusser. Ei reiseskildring med utgangspunkt i gatenamn i Berlin
På ein rusletur gjennom Berlin går Jørgen Norheim og Alexander Häusser og undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Straße, Nansenstraße og Frithjofstraße, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå.
På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn hos gamle kjenningar. For Jørgen blir turen på den måten òg ei reise tilbake til ungdomstida. Alexander har sin eigen motivasjon for å reise. Far hans var i Noreg som ung soldat under krigen. Han drøymde om å dra tilbake, men rakk det ikkje før han døydde. No vil Alexander prøve å finne ut kva det var med Noreg som gjorde at faren hadde ein så sterk lengt dit.
Norwegerstraße er både ei reiseskildring og ei mentalitets- og kulturhistorie, full av overraskande sprang undervegs.
Jørgen Norheim (f. 1952) har sidan debuten i 1994 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) blei nominert til Brageprisen og Ingen er så trygg i fare (2002) blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Norheim er fødd i Sollia i Østerdalen og voks opp i Vestre Slidre.
Alexander Häusser (f. 1960) er frå Reutlingen og bur i Hamburg. Han har studert germanistikk og filosofi og har gitt ut fleire bøker.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.