Pressemelding -
Nathaniel Farrell først ut i amerikansk gjendiktingsserie
Nykommar av Nathaniel Farrell er første bok ut i Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi frå USA. Seinare i vår kjem Julian T. Brolaskis Råd til elskande og antologien Amerikansk samtidspoesi, ei samling med åtte toneangivande amerkanske poetar - redigert av Rune Hjemås og Mathias Samuelsen. Til hausten kjem Clauda Rankines Medborgar.
Nykommar er den namnlause soldatens vitnesbyrd frå eit omskifteleg, framandt landskap. Boka viser oss korleis ein ung manns opplevingar i krig lèt seg overstyre av tankar og minne om heimplassen, familien og kjærasten. I eit fragmentarisk langdikt som er delvis historisk fiksjon og delvis eit naturdikt, trekkjer Farrell inn impulsar frå klassisk Americana og Southern Gothic. Det er USAs historie om seg sjølv som dannar bakteppet for denne følsame utforskinga av kva det vil seie å vere ein ung mann, langt heimanfrå, med ei usikker framtida. Gjendikta av Martin Ingebrigtsen.
Nathaniel Farrell er lærar og poet. Han er oppvaksen i Western Pennsylvania, og har doktorgrad i engelsk litteratur frå Columbia University i New York. Nykommar er den første boka hans.
Enkelhet, presisjon og iblant en type gåtefullhet som få poeter får til: Alt dette finner man hos Farrell.
Carina E. Beddari, Morgenbladet
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.