Gå videre til innhold
"Miklastaur" av Mads Rage - burlesk roman om sosial utstøyting

Pressemelding -

"Miklastaur" av Mads Rage - burlesk roman om sosial utstøyting

Mads Rages nye roman Miklastaurer ei ellevill soge med alvorleg undertone.

Emmanuel Miklastaur kjem til verda i ei altfor lita bygd og med eit altfor stort problem: Han er så velutstyrt frå naturen si side at mor hans blir riven i hel under fødselen. Kort tid etter døyr faren av sorg, og Emmanuel veks opp hos dei livstrøytte besteforeldra sine med ein drikkfeldig hest til bestevenn. Sidan han er flau over skavanken sin, nyttar han fritida til å streife omkring for seg sjølv medan han fører inn opplevingane sine i kladdebøker. At han kjem til å utrette noko i livet, finst det ikkje ei sjel i bygda som har tru på. Men det skal han. Det liknar berre ikkje noko dei har sett før.

Miklastaurer ein burlesk roman om sosial utstøyting og konsekvensane som følgjer, om å slitast mellom krav frå omgivnadene og trongen til å følgje sine eigne kjensler, kvar enn det måtte bere.

Mads Rage(f. 1982) er utdanna ved Skrive kunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Han debuterte i 2018 med romanen Og skipet siglar vidare.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO