Pressemelding -
Mediemålprisen 2019 til Gjermund Erikstein-Midtbø
Mediemålprisen for 2019 er tildelt Gjermund Erikstein-Midtbø.
Tekst frå juryen:
"27-åringen får prisen både fordi han har ei god og trygg språkføring, og fordi han har synt eit sterkt engasjement for nynorsken i arbeidet som fast tilsett journalist i NRK Buskerud.
Gjermund Erikstein-Midtbø, fødd og oppvaksen i Bø i Telemark, nyttar eit klårt og tydeleg telemarksmål. Den lette og munnlege stilen er farga av dialekten hans, men ligg tett opp mot den normerte nynorsken.
Han har i tillegg ei svært god mikrofonrøyst og ei sikker, skriftleg språkføring.
Prisvinnaren er ein av berre to nynorskbrukarar i NRK Buskerud. Han leverer stoff til både radio, fjernsyn og nett. Midtbø er såleis ein viktig nynorskprofil og eit språkleg føredøme i eit område der nynorsken taper terreng, til dømes som skulemål i bygdelag og dalføre. Han har som journalist sett søkjelyset på denne utviklinga.
I tillegg har Midtbø teke initiativ til at NRK Buskerud har skipa til nynorskkurs for dei tilsette.
Gjermund Erikstein-Midtbø fekk smaken på journalistikken på heimebane - i Vest-Telemark Blad i 2011. I 2012 vart det journalistutdanning i Volda, før han tok til i NRK-sporten i 2015. Sidan 2017 har han arbeidd i NRK Buskerud, med tilhald i Drammen."
Alf Helleviks mediemålpris vart oppretta i 1998, og går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Prisen er på 25.000 kroner. På lista over tidlegare vinnarar finn vi blant anna Ingolf Håkon Teigene, Kari Sørbø, Oddgeir Bruaset og Ingvild Bryn.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.