Gå videre til innhold
Mathias Samuelsen aktuell med minneroman om familietraume; "Schonung"

Pressemelding -

Mathias Samuelsen aktuell med minneroman om familietraume; "Schonung"

I sin første roman, Schonung, stiller Mathias Samulsen spørsmålet; Kan ein fri seg frå eit familietraume ved å fortelje ein gong til?

Då Kaare R. Samuelsen hamna på sjukehus i 1946 etter fangenskap i konsentrasjonsleiren Natzweiler, fekk han ei skrivemaskin for å skrive ned erfaringane sine. Barnebarnet hans les vitnesbyrdet og reflekterer over kva overlevinga har betydd for slekta og han sjølv. Han har nettopp flytta ut frå kjærasten sin etter 15 år og prøver å forstå om det er hans eige tungsinn som har ført til brotet - eller om det er slik han har lese, at det tar tre generasjonar å fri seg frå eit traume. Han spør seg om det finst forsoning i valet hans om ikkje å føre slekta vidare - samstundes som han er klar over at det han balar med, er trivialitetar samanlikna med farfaren sine opplevingar.

Mathias R. Samuelsen (f. 1985) er forfattar og gjendiktar. Han debuterte i 2009 med diktsamlinga Utredning om trengsel. Forutan tre eigne diktsamlingar har han blant anna gjendikta Gary Snyder og Ocean Vuong. Schonung er den første romanen hans.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO