Gå videre til innhold
Martine Grande med ny bildebok om å utfordre seg sjølv og stå opp for andre

Pressemelding -

Martine Grande med ny bildebok om å utfordre seg sjølv og stå opp for andre

Bildebokforfattar Martine Grande er aktuell med ei ny bok om utanforskap, mobbing og mot. 

Sam trivst best inne på rommet sitt saman med bestevennen Ørn, ein liten og glad undulat. I gata utanfor er det bøllene som bestemmer.

- Du må aldri fly frå meg, seier Sam.
- Pip, seier Ørn.
- Bra, seier Sam.

Ein dag ser Sam ei jente på vegen utanfor vindauget sitt. Ho freser rundt på ein sparkesykkel. Kven er ho? Kanskje ho vil vere vennen hans?

Ørn er ei fargerik bok om vennskap og utanforskap. Men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare, om til slutt å bli til ein stor, farleg ørn på jakt etter bøller.

Martine Grande (f. 1985) voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag og bur no i Trondheim. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon. I 2013 debuterte ho som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar, som også ligg føre som animasjonsfilm, biletbokapp og teater. Ho har òg skrive bøkene Dagen opp ned og Tapar.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO