Gå videre til innhold
Marit O. Kaldhol aktuell med ny roman med handling frå Chile

Pressemelding -

Marit O. Kaldhol aktuell med ny roman med handling frå Chile

Marit O. Kaldhol er aktuell med boka Ta først på di eiga maske. Romanen er ei forteljing om nære relasjonar – om kjærleik mellom unge menneske og om relasjonen mellom mor og dotter. Samstundes har boka eit utoverretta blikk mot politikk og samfunn, særleg mot Chile.


Romanen følger Rut på ei reise til Chile i 2017. Ho er på leit etter fortida. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere.


Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.


Marit O. Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne. Ho har motteke ei rekkje prisar. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO