Gå videre til innhold
Maren Uthaug klar med ny roman om københavnsk gravferdsfamilie

Pressemelding -

Maren Uthaug klar med ny roman om københavnsk gravferdsfamilie

I sin nye roman Ein lykkeleg slutt  fortel Maren Uthaug med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.

Nicolas er konsulent i sjuande generasjon i gravferdsbyrået som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta.

Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stillehavsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på ei reise tilbake til røtene, til København - ein skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med døden å gjere.

Uthaug er nominert til EUs Litteraturpris og fekk i Danmark Læsernes Bogpris i 2020 for boka.

Omsett av Ingvild Holvik.

Maren Uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar som fekk strålande kritikk i Noreg for romanen Der det finst fuglar (2020). Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO