Pressemelding -
Maren Uthaug klar med ny roman, "88%"
I romanen 88 % er det matriarkatets tidsalder som rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.
To kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman.
88 % er eit framhald av framtidromanen 11 %, som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær i 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.
Lanseringdato 20.3. Maren Uthaug er i Oslo i samband med lanseringa.Arrangement på Tronsmo 20.3. kl 1630:
https://www.facebook.com/event...
Maren Uthaug (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris og De Gyldne Laurbær. 88 % er den femte romanen hennar.
Forfattarfoto: Simon Klein-Knutsen
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.