Gå videre til innhold
Foto: Emerico Weiz
Foto: Emerico Weiz

Pressemelding -

Leonora Carringtons surrealistiske meisterverk "Høyreluren" endeleg på norsk

«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith sagt om Leonora Carringtons meisterverk Høyreluren frå 1974.

Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus.

Høyreluren
er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen.

Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord. 

Leonora Carrington (1917–2011) vaks opp i ein velståande familie nordvest i England, men drog til London for å gå på kunstskule. Der møtte ho Max Ernst, og saman flytte dei til Paris. Under krigen måtte ho flykte og enda opp i Mexico, der ho arbeidde som kunstnar resten av livet. Ho har mellom anna skrive fleire noveller og den sjølvbiografiske boka Down under.

«Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk

«Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk

«Uimotståelig kraftpakke av en bok»- Kåre Bulie, Klassekampen

«I Høyreluren er Carringtons nedsabling av det bestående fullkomment lystig, romanen er først og fremst fandenivoldsk opptatt av å bryte ut av tralten. Kanskje er det mest oppsiktsvekkende med Carringtons langhårede visjon at den fungerer, hun klarer å skape en verden der opprør nytter, uten at det blir for dumt. Hyenesmilet i Høyreluren etterlater også leseren glisende.»- Carina Beddari, Morgenbladet

«Høyreluren er så forfriskande fortald at ein for ei stund kjenner seg fri frå moralske og fornuftige lekkjer, nett slik surrealistane hadde som målsetjing for kunsten. Ikkje minst er boka overraskande aktuell og tangerer tema som dyrevern, klimakrise og atomvåpentrugsel, og med transpersonar i fleire roller. I tillegg er ho opprørsk og feministisk.»- Hilde Vesaas, Dag og Tid

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO