Gå videre til innhold
Lansering av "Noregs musikkhøgskole: Femti år med notar, unotar og fotnotar" av Alfred Fidjesøl

Pressemelding -

Lansering av "Noregs musikkhøgskole: Femti år med notar, unotar og fotnotar" av Alfred Fidjesøl

3. september blir boka om Noregs musikkhøgskole lansert. Alfred Fidjestøl står bak jubileumsboka.

Lanseringsarr på NMH 3.9. kl 1630: https://nmh.no/arrangementer/b...

Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i verda.
Dette er historia om korleis musikkhøgskulen i 50 år har bauta seg fram, i skiftande kultur- og utdanningspolitiske klima. Det handlar om sterke viljar, engasjerte personlegdomar og kontroversielle tilsetjingar. Det handlar om kampen for eige bygg og om nye sjangrar og fagfelt som pressar seg inn i den klassiske institusjonen, frå folkemusikk til musikkterapi. Og det handlar om arbeidet for å etablere vitskapleg forsking og kunstnarlege utviklingsprogram, om akademisk prestisje og retten til å tildele doktorgradar - om notar, unotar og fotnotar i norsk musikkhistorie.

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO