Gå videre til innhold
Lansering av boka "Foxi. Sledehunden ingen ville ha" av Line Nagell Ylvisåker

Pressemelding -

Lansering av boka "Foxi. Sledehunden ingen ville ha" av Line Nagell Ylvisåker


Foxi - sledehunden ingen ville ha er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske. 

Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte seg med Foxi, men ingen ville ha henne.

Då Foxi var fire år, skulle Tommy delta i verdas tøffaste og lengste hundeløp, Iditarod. Tommy var ekstremt uheldig. Før start vart heile tre av hundane som kunne leie hundespannet, sette ut av spel. Tommy hadde ikkje noko val. Vesle Foxi måtte trå til. Å sette Foxi fremst i hundespannet, utan at ho hadde trena på det, var galskap. Korleis skulle det gå? Tommy var livredd på startstreken. Foxi skulle finne vegen gjennom snøstorm og over høge fjellpass. Underleg nok likte Foxi seg betre di meir krevjande løypa vart. Foxi synte seg å vere den klokaste, modigaste og beste hunden Tommy nokon gong hadde hatt.

Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) Kjem frå Sogndal, men har budd i Longyearbyen sidan 2005. Ho er utdanna journalist og jobba tolv år i Svalbardposten. I 2020 gav ho ut boka Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO