Gå videre til innhold
Lansering av biografi om Kenneth Sivertsen

Pressemelding -

Lansering av biografi om Kenneth Sivertsen

Kenneth Sivertsen rørte seg heilt mot ytterkantane. Då han døydde i 2006 var han mest kjend for eit vilt liv og ein brutal nedtur. Men når journalist og forfattar Katrine Sele skildrar livet hans,  er det meir enn noko ei historie om glede, ein trong til å lage lykkelege augeblikk – og om kva det vil seie å skape kunst.

Den nye biografien Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen vert lansert på Litteraturhuset i Bergen 4.10. kl 21. Forfattar Katrine Sele vert intervjua av redaktør i Samlaget, Bente Riise.

Sperrefrist for meldingar på boka: 2.10.

"Då Kenneth Sivertsen gjekk i tredje klasse, hang han ein dag ut frå vindauget i øvste etasjen på skulebygget. Ingen hugsar korleis han hamna der. Ein lærar redda han inn igjen. -Det er det eg kjem til å døy av. Men det er det eg lever av også, sa Kenneth, då han seinare fortalde om episoden i eit intervju." (frå boka)

Som musikar, komponist, humorist og menneske rørte han seg heilt mot ytterkantane. I dei kammermusikalske verka sine strekte han instrumenta så langt at det kunne vere vanskeleg å framføre stykka. På humorscena heldt han ingenting tilbake.

Då han døydde i 2006 var han mest kjend for eit vilt liv og ein brutal nedtur. Men historia om Kenneth Sivertsen er meir enn noko ei historie om glede, ein trong til å lage lykkelege augeblikk – og om kva det vil seie å skape kunst.

Kontaktinfo til Katrine Sele: 911 49 824  - katrinesele@yahoo.com

 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO