Gå videre til innhold
Kjærastepar på 23 år debuterer med roman, "& me skal bli omskapte"

Pressemelding -

Kjærastepar på 23 år debuterer med roman, "& me skal bli omskapte"

Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland debuterer med romanen & me skal bli omskapte. Dei er frå Sogn og bur og arbeider i London. & med skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med  lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få  bestemma over sitt eige liv.

LANSERINGSARRANGEMENT PÅ LIEBLING 4.10 KL 18 PÅ LIEBLING, GRÜNERLØKKA, OSLO.

Under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det eit brev  til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i familieverksemda, men  når gamalonkelen hans døyr, lyt han til London og ta imot ein arv han ikkje har  bedt om. Der treffer han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet over butikken,  utan at nokon heilt veit kven ho er.

På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at det ikkje berre  er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt.

& me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med  lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få  bestemma over sitt eige liv.

Kjærasteparet Mariell og Jostein (f. 1990) voks opp i kvar sin dal inst i Sognefjorden. 14 år gamle fann  dei kvarandre, og no bur dei i London og er saman om det meste, slik som  debutromanen & me skal bli omskapte.

Mariell er fotograf, bloggar og redaktør og held vanlegvis til på verdas  største nynorskblogg, hjartesmil. Jostein er utdanna komponist, i tillegg  til å vera musikar og skrivar.

KONTAKTINFORMASJON: tlf: + 44 7412 72 9929 (J) eller +44 7427 30 5911 (M)

mariell.oyre@gmail.com

jostein@fivrel.com

 

 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO