Gå videre til innhold
Karl Seglem ute med ny diktamling; "Djup redsle. Djup ro"

Pressemelding -

Karl Seglem ute med ny diktamling; "Djup redsle. Djup ro"

Karl Seglem er aktuell med si femte diktsamling; Djup redsle. Djuk ro. Med utspring ein plass i det vestnorske landskapet sildrar dikta til Seglem som ei lita å ut i verda. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei vill og veldig elv som tek opp i seg personlege og globale drama som saman utgjer den verdsomspennande miljøkatastrofen me alle står i.

Djup redsle. Djup ro
er ei diktsamling som bølgjar frå rein dystopi til von og kjærleik - og tru på mennesket.

Karl Seglem (f. 1961) frå Årdalstangen er internasjonalt kjend som innovativ komponist og musikar med eit særeige uttrykk i grenselandet mellom jazz, folkemusikk og elektronika. Poesien har ein sentral plass i musikken hans, slik musikken også har ein sentral plass i poesien. Seglem debuterte litterært i 2006 med diktsamlingi Stilla er ein åker. Djup redsle. Djup ro er den femte diktsamlingi hans.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO