Gå videre til innhold
Jon Fosse nominert til Dublin Literary Award og Kritikarprisen

Pressemelding -

Jon Fosse nominert til Dublin Literary Award og Kritikarprisen

Band to av Septologien III-V Eg er ein annan er på langlista til prestisjeprisen Dublin Literary Award.  Prisen er på 100 000 euro og går til ei bok skriven på engelsk eller omsett til engelsk. Blant tidlegare vinnarar finn ein Orhan Pamuk, Per Petterson og Michel Houllebecq. Tredje og avsluttande band i storverket, Septologien VI-VII Eit nytt namn, er i tillegg nominert til Kritikarprisen.

Septologien av Jon Fosse er no ute på tjue språk. Storverket har fått meldarar verda over til å ta fram superlativa. 

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO