Gå videre til innhold
Jon Fosse med nynorsk omsetjing av "Den vesle prinsen"

Pressemelding -

Jon Fosse med nynorsk omsetjing av "Den vesle prinsen"

Barnebokklassikaren Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry kjem for første gong ut på nynorsk. Boka er omsett av Jon Fosse, med originalteikningane til Antoine de Saint-Exupéry.

de Saint-Exupérys berømte barnebokklassikar, Le Petit Prince, er ei av verdas mest omsette og lesne bøker. Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjølv om det er ei barnebok, er ho like høgt elska av vaksne lesarar. 

På spørsmål om kvifor han ønska å omsette Den vesle prinsen svarar Jon Fosse:

– Eg har lese at "Den vesle prinsen" er den boka som er mest omsett nest etter Bibelen. Men boka var av ein eller annan grunn ikkje omsett til nynorsk. Difor bestemte eg meg for å gjera det. Dessutan er det ei vakkert trist forteljing.

Antoine de Saint-Exupéry (1900–1944) var ein fransk flygar og prislønt forfattar. Hans mest kjende verk, Den vesle prinsen, kom ut i 1943 med hans eigne teikningar. 

Jon Fosse (f. 1959) debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart og har seinare gitt ut dramatikk, romanar, diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO