Gå videre til innhold
Foto: Tom A. Kolstad
Foto: Tom A. Kolstad

Pressemelding -

Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Bookerprisen for siste band i Septologien

Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Bookerprisen for det tredje og avsluttande bandet i Septologien, Eit nytt namn som kom ut i fjor haust. Den internasjonale Bookerprisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk. Prisen er på 60 000 pund. Fosse var også nominert for den gjeve prisen for band ein av Septologien i 2020.  

-Eg er overraska og glad over nominasjonen. Lista over dei nominerte til prisen er imponerande, seier Fosse.

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO